Slik vil Biltema bygge nytt på Heiane Vest, like ved Biltema. Skisse: Fronta
- Annonse -

FK-butikken gjer som Biltema og flyttar og veks seg større på Heiane Vest.

– Me har store vekstambisjonar på Stord. Det er litt for trongt der me er, både inne og ikkje minst uterareala, seier maskindirektør i Felleskjøpet Rogaland/Agder, Hallvard Vikeså.

Dei skal no inn i eit heilt nytt varehus like ved Biltema på Heiane Vest. Varehuset vil vere på 1300 kvadratmeter, om lag det dobbelte av dagens lokale på andre sida av E39.

– For å kunne drive god HMS for kundane gjer at me vel å etablere oss i nye lokale som blir bortimot dobbet så store, meir innbygdande for kundane, og kkje misnt for dei tilsette. De vil bli ein mykje tryggare vareflyt.

– Vil dra nytte av handelsmaskinen Biltema

Vikeså fortel at kontrakten dei har med eigaren av det gamle Lidl-bygget der dei i dag held til er i ferd med å gå ut, og at det difor er eit gunstig tidspunkt å flytte.

– Leigekontrakten der me no er fell ut på nyåret, så me var nødt å ta ei avgjersle. Så er me trygge på at det er positivt å vere i lag med ein handelsmaskin som Biltema, og me håper at me kan bidra til å dra kundar til denne delen av Heiane.

- Annonse -
- Annonse -

Vikeså har fått med seg konflikten Biltema har hatt med fylkesmannen, på bakgrunn av at Heiane Vest ikkje er regulert til detaljhandel. Han har ikkje tru på at FK-butikken kjem til å få trøbbel med fylkesmannen.

- Annonse -

– Me har jo ein varestruktur meir som ein verkstad, der me har alt frå mindre skruar og muttrar til større varer. Viss det er nokon som ønskjer å øydelegge for næringslivet her så må dei berre prøve seg.

Omsetnadsvekst

Han fortel at FK-butikken på Stord har ein god omsetnad.

– Det går bra her. Me har hatt ein fin vekst, og kundane er nøgde. Deil tilsette her gjer ein kanonjobb og fortener absolutt nye lokale.

Dei nye lokala vil opne allereie på våren, rundt april.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -