Kunstnaren Anders Kjellesvik fekk ein velfortent bukett av Marit Tislevoll Odland, som er leiar i utsmykkingskomiteen i Stord kommune. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det har mest sannsynleg aldri vore så fargerikt i Leirvik sentrum som på denne laurdagen.

Etter tre år med debattar og politiske vedtak att og fram, kom endeleg dagen mange har venta på.

Anders Kjellesvik sitt fargerike kunstverk «Den høgreiste og havet» vart laurdag offisielt opna på Torget, med fleire hundre frammøtte.

Same dag som «Storapride»

Dei fargerike bjelkane som kunstverket består av spelte overraskande godt i lag med regnbogeflagget i rådhuset, samt alle dei regnbogekledde som hadde samla seg for å delta på Storapride like etter.

Ein skulle nesten tru at det heile var eit regissert spel av kunstnaren. Men at Storapride skulle hamne på same datoen som kunstopninga skal ha vore heilt tilfeldig.

Fargespetakkelet toppa seg då ei gruppe dansarar frå Spinae Company, kledt i dei same fargetonane som kunstverket, viste fram ein eigenkomponert dans der sjølve kunstverket var scena.

Dansarar frå Spinae Company i fargerike klede spelte på lag med påde kunstverket og Pride-flagget på rådhuset. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kommentarfelt i fyr og flamme

- Annonse -
- Annonse -

Men det var ikkje berre fargane som var fellesnemnaren for dei to storhendingane i Leirvik denne laurdagen. Slik som Storapride har skapt motstand som har sett fyr og flamme på kommentarfelta på nettet denne veka, har Kjellesvik sin kunst generert tilsvarande sterke meiningar i løpet av dei siste åra.

– Kommentarfelta får ikkje alltid fram det beste i folk. Men eg set likevel stor pris på meiningsmotstand, sa kunstnaren sjølv i opningstala.

- Annonse -

Det er kanskje nærliggande å tru at utan den store motstanden mot både kunstverket og Storapride, hadde neppe så mange teke turen til sentrum laurdag.

 

– Dette har vore ein lang prosess, med omfattande pressedekning, underskriftskampanjar og mykje debatt. Skuplturen skulle eigentleg stå klart hausten 2016. Til slutt sikra eit solid fleirtal i kommunestyret å realisere kunstverket, sa ordførar Gaute Epland (Ap).

Skulpturane i Vidsteenparken er også ferdigstilt. Her held Jørund Fjøsne på med siste finpuss nokre dagar før opninga.

Syner fram Stord-identiteten

I følgje kunstnaren skal verket Den Høgreiste og Havet kaste lys på Stord sin identitet, vere seg offshore-, verftsindustri, landbruk, sjølvberging, kysthistorie og kulturmangfald. Skulpturen på Torget heng saman med installasjonar i Vidsteenparken, som inngår i eit større bilete med siktline til verftet og kystlandskapet.

– Skulpturen fangar opp opphavet, historia og identiteten vår på ein god måte, og er med å løfte det offentlege rommet her på Torget. No kan me la oss glede utfordre av den nye kunsten, sa Epland.

Sjå fleire bilete frå kunstopninga her:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -