Juan Diego Rincón Munoz frå Colombia, Celia Bak-Thomsen frå Danmark og Danya Rukab er blitt gode venner på den veka de har vore på leir. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På fredag padla årets CISV-deltakarar over Storavatnet før dei spaserte opp til Heiane mottakssenter. Her tilbrakte dei føremiddagen saman med bebuarane med grilling og aktivitetar.

Leirleiar Anne-Beate Lilletvedt, fortel at eit av hovudmåla til CISV er å skape toleranse mellom barn frå ulike kulturar.

– Det som er viktig med CISV er å arbeide for ei betre verd gjennom å skape vennskap på tvers av landegrenser, religion og politikk, fortel ho.

Nasjonalitet er ikkje viktig

For tida deltek mange 15-åringar på årets CISV-leir på Stord. Dei kjem frå ni forskjellige land: USA, Colombia, Costa Rica, Polen, Ungarn, Filippinene, Danmark og Norge.

I løpet av berre ei veke på leir har ungdommane allereie blitt gode venner. Då Stord24 snakka med nokon av dei var dei alle einige i at venskapa ein får er noko av det beste med leiren.

– Me er like på veldig mange måtar, men fokuserer ofte på forskjellar. Det som er fint med CISV er at ein heller fokuserer på det som er likt og ser vekk frå forskjellane, fortel Celia Bak-Thomsen frå Danmark.

- Annonse -
- Annonse -

Danya Rukab frå USA og Juan Diego Rincón Munoz frå Colombia er begge einige og legg til at nasjonalitet ikkje har noko å seie når ein samlast på ein slik leir.

– På slike leirar kan folk frå land som eigentleg er i konflikt med kvarandre møtast og bli kjend på eit personleg plan. Ein blir kjend med personen og tenker ikkje på nasjonalitet, fortel Munoz.

Får ta del i det norske kvardagslivet

Anne-Beate Lilletvedt. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Anne-Beate Lilletvedt fortel at deltakarane i forrige veke fekk vera hos vertsfamiliar her på Stord. Målet med vertsfamiliar er å oppleve kulturen i det landet dei besøker, og å ta del i det daglegdagse livet der.

– Vertsfamiliane er frivillige, for eksempel foreldre som har sine born på leir andre stader. Dei gjer ein kjempefin dugnadsjobb både som vertsfamiliar og på andre område, seier ho.

Då ungdommane fekk spørsmål om kva tankar dei satt igjen med etter å ha budd i vertsfamilie, var dei veldig einige.

– Eg synes alle er så opne her. Kanskje det er fordi det er ein veldig liten by. Alle kjenner kvarandre og seier hei når dei møtes, seier Cilia Bak-Thomsen.

- Annonse -

– Det er veldig mykje som er forskjellig mellom Norge og Colombia. Det er så stille her. Byen eg kjem frå i Colombia har fleire millionar innbyggarar, fortel Juan Diego Rincón Munoz.

Viktig å sjå menneske og ikkje berre tal

Gjennom ordninga «Verda på Stord» samarbeider CISV i Sunnhordland med mottaket året rundt gjennom å finne på aktivitetar saman med bebuarane. Ein populær aktivitet er dei månadlege fjellturane, kor alle som ynskjer kan bli med.

Lilletvedt fortel at i år er hovudfokuset på leiren tilhøyrsle, og då var det ekstra kjekt å kombinere det arbeidet dei gjer resten av året med årets CISV leir.

– Det finnes flykningar i alle landa som er representert på leiren, men det er ulikt kor mykje man veit om dei. Det er bra å sjå at det gjeld menneske akkurat slik som oss og ikkje berre tal, seier ho.

Både unge og vaksne tok del i aktivitetane på Heiane mottakssenter i dag. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Gler seg til å dele av eigen kultur

Det er ikkje berre ungdommane som skal ta del i den norske kulturen medan dei er her. Dei skal og få moglegheita til å dele av sin eigen kultur.

Fredag 13.juli klokka 17 skal nemleg CISV halda open dag på Litlabø skule. Denne dagen er det ungdommane sjølv som står for regien og som skal drive aktivitetane.

– Då blir det show. Alle skal vise noko frå sitt eige land og ein kan forvente musikk, leik og aktivitetar, fortel Lilletvedt.

15-åringane gler seg til å dele av sin eigen kultur og fortel at ein kan forvente ein kjekk dag.

– Eg har blant anna tatt med kaffi frå Colombia som ein kan smake, seier Munoz.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -