Statsminister Erna Solberg kjem til Espevær måndag. Foto: Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er første gong ein norsk sitjande statsminister besøker Espevær, seier leiaren i Bømlo Høgre.

Måndag tek statsminister Erna Solberg turen til Espevær på Bømlo. Solberg er invitert av Bømlo Høgre for å møte næringslivet og den nye ordførarkandidaten til partiet.

– Me har invitert ho i samband med at me har nominert ny ordføarkandidat. Det er jo første gong Bømlo Høgre stiller med kvinneleg kandidat, og det ønskte statsministeren å markere og treffe den nye kandidaten, seier leiar i Bømlo Høgre, Åsmund Håvik.

Det er nemleg espeværingen Ragnhild Sønstabø som er den nye ordførarkandidaten til Bømlo Høgre. Ho driv landhandelen på den vesle øya.

Historisk besøk

Han fortel at statsministerbesøket på Espevær er historisk.

– Det er ikkje berre første gong Solberg kjem til Espevær, men også første gong ein sitjande statsminister tek turen. Så dette blir jo veldig stas for Bømlo, og ikkje minst for den nye ordførarkandidaten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Håvik fortel at Solberg også skal ha eit møte med næringslivet på Bømlo.

– Me kjem til å gå opp til Gamleposten, som er det nye prosjektet til Torstein Hatlevik som har Haaheim Gard på Tysnes. Der kjem me til å ha ein arbeidsmiddag der eit utval av gründer- og teknologibedriftene på Bømlo kjem til å presentere seg for statsministeren.

Sjølv om Solberg berre har tid til å vere på Espevær i nokre i tre timar, trur Håheim at lokalbefolkinga kjem til å stille opp for å helse på Solberg.

– Eg er sikker på at espeværingane kjem til å vise seg. Det blir nok godt markert dette besøket.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -