Erko Settefisk har ekspandert kraftig den siste tida, og har planar om å ekspandere endå meir. Men Mattilsynet set stoppar for planane. Foto: Erko Settefisk
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mattilsynet avslår søknaden frå Erko Settefisk om å auke produksjonen i Grunnavågen i Sagvåg frå 5 til 20 millionar settefisk.

Erko Settefisk har søkt om konsesjon firedoble produksjonen av settefisk i det lukka anlegget i Grunnavågen i Sagvåg.

Men Mattilsynet har no avslått søknaden, skriv bransjenettstaden Intrafish.

Massedød

Bakgrunnen for Mattilsynet seier nei er på bakgrunn av to tilfelle av massedød av fisk på anlegget. I det eine tilfellet døydde alle fiskane i ein modul, og ved eit anna tilfelle døydde halvparten av fisken i ein annan modul.

Samtidig peikar Mattilsynet på at det framleis er god margin før taket på dagens produksjonsløyve er nådd.

I følgje Mattilsynet har det fleire gonger vore avdekka viktige manglar i internkontrollsystemet til selskapet, og skriv at dette må utbetrast kraftig sjølv trass i at selskapet har gjort mange tiltak.

- Annonse -

Tilsynet meiner Erko Settefisk må vise at dei handterer drifta innanfor dagens produksjonsløyve på 5 millionar settefisk før dei kan få løyve til auka produksjon.

– Veldig forundra

Rune Sandvik i Erko Settefisk stiller seg undrande til avslaget. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Dagleg leiar i Erko Settefisk i Grunnavågen, Rune Sandvik, forstår ikkje kvifor dei har fått nei frå Mattilsynet.

– Eg veit ikkje heilt kvifor me har fått nei. No må me kome til botn i dette, og så kjem me til å gi eit tilsvar til Mattilsynet.

Sandvik meiner manglane som Mattilsynet påpeikar no er retta opp i, og at dette difor ikkje burde vore eit argument for å seie nei.

– Me fekk nokre avvik på internkontrollen i samband med eit tilsyn, og dei har me no lukka. Me har ingen opne avvik i dag, så me blir veldig forundra over at dei ikkje er godkjent.

Viktig for matfiskproduksjonen

For Erko Settefisk er det viktig å få auka produksjonsløyvet. Spesielt med tanke på planane om å starte matfiskproduksjon på anlegget. Parallelt med planane om produksjonsauke av settefisk, har selskapet nemleg planar om å produsere 15.000 tonn laks.

– Alt heng saman. Me treng desse 20 millionane med settefisk for å få nok smolt inn i matfiskanlegget. Me kan jo få konsesjon til matfiskanlegget uavhengig av dette, men då må me jo køyre smolten inn frå andre anlegg. Me hadde jo håpa å kunne sleppe det, for det vil jo bli kraftig fordyrande. Når det gjeld fiskevelferden ville det jo også vore optimalt å produsere alt på same stad.

– Me er 18 tilsette no og har lyst å ekspandere vidare. Så me treng dette løyvet, seier Sandvik.

- Annonse -