Nina Lovise Langeland (t.v.) og ordførar Gaute Straume Epland sto for nyopninga av Galleri Giga i føremiddag. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.
- Annonse -

Laurdag var det endeleg klart for nyopning av Galleri Giga i Bytunet på Leirvik. 

– Dette er blitt eit vanvittig prosjekt for meg som sit langt inne i hjarta, og eg trur me er komen godt i mål akkurat slik me håpa. Det er rett og slett så overveldande at eg kjem til å grine, sa Nina Lovise Langeland under opninga av «nye» Galleri Giga i Bytunet i dag.

I to veker har Langeland jobba på spreng for å få alt klart til offisiell opning. Galleriet har no flytta inn i nye lokale med store, luftige rom og fleire moglegheitar for separatutstilling.

Likevel har det ikkje berre vore enkelt å skulle ta over som eigar for galleriet etter 19 år i drift med Oddrun Helvik.

Stappfullt lokale

– Den største utfordringa med å skulle ta over rolla til Oddrun, er å gjere galleriet til mitt. Samtidig ønskjer eg å bevare kvaliteten, renomméet og alt det som Oddrun har bygd opp. Det å klare å lausrive seg frå forma det har hatt, utan å forstyrre dei viktige elementa, har vore ein vanskeleg prosess, opplyser Langeland til Stord24.

Ho har tidlegare vore kurator for Galleri Giga i fem år, og har lang erfaring med kunst gjennom utdanninga si. I september blei det kjent at ho skulle ta over eigaransvaret for Galleri Giga, og mange jubla av glede då galleriet ikkje lenger skulle leggjast ned.

- Annonse -
- Annonse -

Det var derfor ikkje så rart at heile 200 personar tok turen til opningsseremonien i føremiddag, og mange fleire var innom utover dagen.

Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.

Riktig dame for jobben

Ordførar Gaute Straume Epland (Ap) var også tilstades, og sparte ikkje på godorda då han erklærte galleriet for opna.

– Galleri Giga har vore ein viktig plass for mange opp gjennom åra, både som galleri, møteplass og institusjon for kunstformidling. Derfor var det veldig kjekt at Nina takka ja til å ta over drifta. Eg er heilt overbevist om at Nina er riktig dame for jobben, og synes det er tøft gjort, uttala Epland før han klypte snora.

- Annonse -

Langeland slår fast at ho vil halde fram med å tenke nytt i tida som kjem, og at konseptet har stort potensial for å utvikle seg.

Vil «strekke strikken» lenger

– Eg er veldig takknemlig for Oddrun som eg har gått i lære hos. Ho har lært meg mykje. Men eg har likevel mine eigne uttrykk, tankar og idear for korleis eg vil forme det. Eg er jo meg.

Har du nokre konkrete tankar og ambisjonar for galleriet?

– Planen er å halde på omdømet som ein institusjon. Me er ikkje berre ein butikk. No når me har så godt tilpassa lokale, ønskjer eg gjerne at me skal spinne vidare på dette og bruke arealet enno meir kreativt, opplyser Langeland.

– Det hadde vore gøy å strekke strikken lenger, og kanskje involvere Stord og galleriet i ein breiare skala innanfor kunstformidling. Kanskje me kan få til ein performance-festival.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -