Biogasset under planlegging på Stord vil vere i eit lukka anlegg, og ikkje her som i Rådal i Bergen. Foto: Bergen kommune
- Annonse -

Enova har løyva 39 millionar kroner i støtte til gjennomføring av biogassanlegget som Sunnhordland Naturgass planlegg å bygge i Sagvåg.

Det var Enova-støtta som mangla for at Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass kunne realisere dei planane om naturgassanlegg på Seglneset ved Sagvåg på Stord.

Enova-støtta på 38,9 millionar kroner utgjer nær halvparten av investeringa på 80 millionar kroner.

I følgje selskapet vil bygginga gå i gang snarast, og det er planlagt oppstart av biogassproduksjon allereie innan 12 månader.

Gode føresetnader

– Dette er ein lite brukt energikjelde som me har gode føresetnader for å utnytte i Sunnhordlandsregionen, ettersom me har ein naturleg tilgang til naudsynte substrat. I tillegg representerer løysinga betydelege miljøvinster, seier Jan Kåre Pedersen, dagleg leder i Sunnhordland Naturgass i ei pressemelding.

Dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass, Jan Kåre Pedersen. Foto: privat

Pedersen seier at Sunnhordland vil vere ein av få regionar i landet som har eit slikt anlegg på plass.

- Annonse -

– Biogass og -drivstoff er eit nasjonalt satsingsområde, og med dette tiltaket vil Sunnhordland vere blant dei første distrikta i landet som kan tilby ein miljøvennleg og lokal energikjelde for oppvarming og kollektivtransport, seier Stord-investoren.

Sunnhordland Naturgass skriv at dei allereie har gjort betydelege investeringar i distribusjonsnettet, og vil med satsinga bli ein totalleverandør av miljøvenleg, alternativ energi i regionen. Husstandar skal no kunne få tilbod om ein alternativ varmekjelde som oppfyller byggtekniske forskrifter.

– Me vil tilby ein miljøvenleg energikjelde basert på naturlege kjelder henta frå lokal næringsverksemd og husstandar. Realiseringa vil gi høve til gode innsparingar for lokalt næringsliv, både i form av pengar og miljø.

Vil samarbeide med næringslivet

Pedersen seier selskapet har vore i dialog med fleire aktuelle lokale samarbeidspartnarar i næringslivet.

Ein av desse er Erko Settefisk, som planlegg å legge ein leidning under sundet frå settefiskanlegget i Grunnavågen, der fiskeslam kan bli transportert til produksjon i biogassanlegget.

Pedersen har tidlegare sagt at første utbyggingsfase vil bestå av fem reaktorar, men anlegget er planlagt til å huse 10 reaktorar. Det betyr ein energiproduksjon på om lag 100 gigawattimar. Planen er at ein av reaktorane vil bli nytta til forsking og utvikling for å finne den optimale energimengda.

Selskapet vil bruke resten av 2018 på å realisere biogassfabrikken, og ventar  å tilby biogass frå første kvartal 2019.

- Annonse -