Elisabeth Hillestad (32) meiner det burde vore meir openheit kring psykiske lidingar blant barn. Foto: Privat.
- Annonse -

Elisabeth Hillestad har sjølv erfart kor vanskeleg det er å prate med barn som har det tøft i heimen. Til hausten gir ho ut ei barnebok om temaet.

Om seks månadar slepp Elisabeth Hillestad si aller første barnebok. Boka har fått tittelen «Mamma er sjuk i følelsane sine», og vil bli gitt ut av Kolofon Forlag i midten av august.

Forfattaren sjølv gler seg til boka kjem.

– Eg har alltid hatt ein draum om å gi ut ei barnebok. Det veit alle som kjenner meg. Derfor er det stort at eg no har fått det til.

Psykiske lidingar og barn

Boka tek for seg ei lita jente på seks år, Vilde, som bur i eit raudt hus med mamma, pappa og katten Nøste. Vilde si mamma er sjuk i følelsane sine. Ved hjelp av boka prøver forfattaren å skape eit verktøy for å kunne prate om psykiske lidingar, sett frå eit barn sin synsvinkel.

– Eg har sjølv erfart kor vanskeleg det er å prate med barn som har det litt tøft i heimen. Ord strekk ikkje til, og ofte kjenner ein på kjensla av å kome til kort. Eg saknar litteratur som eit verkemiddel for nettopp dette, seier Hillestad.

Aktuelt tema

- Annonse -

Elisabeth Hillestad er utdanna førskulelærar, og fullførte ein master om barn og sorg i 2013. Ho har brei erfaring med barn gjennom jobb i skule, barnehage, akuttmottak og Blå Kors.

For tida bur ho i Oslo og jobbar med den komande boka. Sjølv om det framleis er ei stund til boka vert utgjeven, har forfattaren allereie motteke fleire positive tilbakemeldingar frå foreldre som kjenner seg igjen i situasjonen.

Vilde si mamma er sjuk i følelsane sine. Illustratør: Hege Terese Fjæra.

– Eg har fått ein del meldingar frå mødrer og fedrar som takkar meg. Dette er rørande, og viser at det er eit ganske følsamt og reelt tema for mange, seier Hillestad.

Mange vegrar seg

– Først og fremst har eg brukt mine eigne erfaringar med barn. Ein del av desse samtalane har eg enno friskt i minne. Så har eg gjerne brukt litt faglitteratur for å kunne rettferdiggjere det eg skriv. Men eg prøver å skrive på ein barnleg måte, påpeikar Hillestad og presiserer at boka er for barn.

– Psykisk helse er framleis tabubelagt, og mange vegrar seg for å seie at ein har det vondt. Ein unngår gjerne ord som ein burde ha brukt. Dette er synd, seier ho.

– Det burde vore meir openheit kring psykiske lidingar.

Boka er illustrert av Hege Terese Fjæra.

- Annonse -