Foto: Citycon
- Annonse -

– Me har fått med oss at det går veldig bra på Heiane, og har tru på at dette senteret kjem til å drive godt også i framtida, seier medeigar i Midgard Gruppen, Henrik A. Lund.

Det bergenske eigedomsselskapet Midgard Gruppen kjøpte i fjor Husnes Storsenter, nærast på billigsal, etter at den førre eigaren Storebrand hadde gått med store tap.

No er det klart at dei også kjøper Heiane Storsenter for 225 millionar kroner av den førre eigaren Citycon. Det var Sunnhordland som først melde om saka.

Medeigar i Midgard Gruppen, Henrik A. Lund, seier til Stord24 at det ser på Heiane Storsenter som eit svært attraktivt senter.

– Dette er eit senter som me ser går godt. Handelen på dei fleste kjøpesenta i Norge har jo gått noko ned dei siste åra, men på Heiane har det gått jamnt oppover kvart år.

Lund trekkjer fram den gode lokaliseringa til senteret, og generelt gode tider for næringslivet på Stord.

- Annonse -

Midgard Gruppen vil overta kjøpesenteret i byrjinga av juni. Førebels kan ikkje Lund seie noko om kva planar dei har for senteret på sikt, men at det blir ei utvikling, er han trygg på.

– Me må ha litt tid for å kome i gang, så får me sjå kva me får til. Me kjem nok til å sjå kva moglegheiter som ligg der. Kjøpesentra kjem jo til å endre karakter, så me kjem også her til å utvikle senteret vidare. Me har tru på dette senteret, seier Lund.

- Annonse -