Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tara (16) hadde ikkje i sin villaste fantasi trudd at så mange skulle møte opp på det første Pride-arrangementet på Stord.

Om det ikkje var like langt som borgartoget på 17. mai, så var det ikkje langt unna. Det første Pride-paraden i Stord si historie skapte eit enormt engasjement og oppmøte.

Fleire tusen personar og rundt 50 organisasjonar og bedrifter støtta opp om arrangementet og sette farge på byen laurdag.

Tara Wiers Kvamme hadde aldri trudd at så mange skulle møte opp.

Stolt over Stord

– Eg er så stolt over Stord og så takksam for at så mange har hatt lyst å støtte og bidra. Dette har blitt supervellukka, seier Tara Wiers Kvamme (16) i Stord Sosialistiske Ungdom.

Det er ikkje mange veker sidan det vesle styret i den politiske ungdomsorganisasjonen bestemte seg for å arrangere Storapride. At det skulle bli så stort hadde dei inga tru på.

– Eg hadde aldri venta dette her. Eg trudde kanskje det skulle bli 30 menneske. Så feil kan ein ta, smiler Kvamme, som fortel at folk også kom eins ærend frå Bergen og andre stadar for å delta i paraden.

- Annonse -
- Annonse -

– Det var ein god del tilreisande så kom, blant anna Skeiv Ungdom i Bergen. Det viser berre at dei ønskjer å støtte saka me kjempar for.

Gry og Ingrid frå Stord har vore gift i 20 år, og fekk endeleg høve til å oppleve Pride-parade på Stord. Foto: Kari Mendelev von Svanberg

Fleire tusen

Akkurat kor mange som har teke turen har ikkje Stord24 fått tak i, men det er litan tvil om at det er snakk om fleire tusen.

– Folk eg har snakka med frå dei ulike organisasjonane seier det har vore over 4000 personar her, seier Kvamme.

– Kva tilbakemeldinger har du fått etter paraden?

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, og det er eg kjempeglad for. Det er så mange som kjem bort og seier dei er så stolte over oss.

- Annonse -
Foto: Kari Mendelev von Svanberg

Mykje gratis reklame

Ho trur medieoppslaga den siste veka, både med lærar Jens Thoresen sin motstand i eit Facebook-innlegg og lesarbrev frå kristne som kritiserer kommunen for å støtte arrangementet, har vore svært god reklame for arrangementet.

– Eg trud det har vore veldig viktig for oppmøtet. Den mostanden me har fått har berre gjort det endå viktigare å møte opp. Det er jo berre positivt for vår del.

– Blir det Pride på Stord til neste år også?

– Eg trur me kjem til å gjere det igjen. Eg trur det er viktig å halde fram med dette til me får gjennomslag for det me kjempar for. Når det ikkje lenger kjem slike sterke reaksjonar frå det kristne miljøet som me har sett her på Stord.

Pride-arramgementet kjem til å halde fram resten av dagen, med Pride-fest på Sjøhuset på kvelden.

– No har ikkje eg lov å delta på Pride-festen sidan eg er 16 år, men det ser ut som veldig mange gler seg og at det kjem til å bli veldig vellukka.

Sjå nettavisa Framtida.no sin video frå Pride-arrangementet her:

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -