Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Teaterlaget er i full gang med å øve til si komande framsyning, «Prinsesse Tannlaus i Eventyrskogen», med premiere om to veker.

Stord Teaterlag har hatt ein travel haust med mykje øving. I september starta dei med førebuingane til ein storslått familiemusikal. Laurdag 27.januar presenterer dei «Prinsesse Tannlaus i Eventyrskogen» i Stord kulturhus.

Her skal dei vise seg fram frå si beste side. Men ein kan møte på mange utfordringar når 40 born skal samlast på scena.

Lovar topp stemning

– Det er alltid utfordringar som dukkar opp undervegs. Desse er til for å løysast. Det er det som er så gøy med teater, seier regissør Ingvild Hjellestad Johannesen.

Musikalen, som er skriven av Christin Holm og Turid Lisbet Nygård, er blitt sett opp fleire stader i landet tidlegare. Denne gang er den omsett til nynorsk. Johannesen har lagt opp til levande musikk og fleire roller enn i opphavleg manuskript.

Ho lovar topp stemning i kulturhuset på premieren om to veker.

- Annonse -

– Publikum kan forvente ei veldig fin framsyning. Det er flott musikk, masse fin dans og eventyrfigurar som ungane kjenner godt til. Eg kan garantere at ungane ikkje vil gå heim når framsyninga er ferdig.

– Heilt fantastiske

Stord Teaterlag stiller mannsterke til framsyninga. Med seg på laget har dei blant anna koreograf Magdalena From Delis og orkestersjef Petter Misje, som har ansvar for firemannsorkesteret.

Foreldregruppa har dessutan vore ei sterk drivkraft i førebuingane til premieren.

– Me har eit foreldrelag som er heilt fantastiske. Dei tek seg av teknisk, kulissar, kostyme, sminke, marknadsføring og servering av mat. Dei har bidratt med mykje, opplyser Johannesen.

Den siste tida har ungane vore på øving kvar laurdag og søndag. Regissøren er svært imponert over samhaldet og innsatsen.

– Ungane er veldig flinke på å vere i lag. Dei tek seg av kvarandre, passar på og lærar mykje av kvarandre.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

 

- Annonse -