Bømlingen hadde dyrka fram 200 gram cannabis. Foto: Wikimedia Commons (cc-lisens)
- Annonse -

Bømlingen som er i midten av 60-åra er dømt til samfunnsstraff for å ha dyrka og kjøpt marihuana og hasj.

Det var i fjor haust at politiet fann det meste av cannabisen i bustaden til bømlingen. Politiet meiner han hadde dyrka fram dette i løpet av vinteren og våren 2017.

I tillegg oppbevarte han 75 gram hasj som han hadde kjøpt av ein ukjend person.

Mannen har tilstått gjerningane, slik at saka vart avgjort med ein tilståingsdom.

Påtalemakta ville i utgangspunktet at mannen skulle dømmast til 60 dagar i fengsel, men vart samde med retten i at samfunnsstraff ville vere streng nok straff.

- Annonse -

Retten grunngir dette med at mannen berre er dømt éin gong tidlegare heilt tilbake i 1983, samt at han tidleg i etterforskinga la alle korta på bordet.

- Annonse -
- Annonse -

– Sikta er ein mann som fungerer godt i arbeid, og han har difor gode føresetnader for å kunne gjennomføre ein samfunnsstraff. Retten viser vidare til at narkotikaforbruket til sikta er eit tilbakelagt stadiet i livet hans, samt at all narkotikaen var til eige forbruk, skriv retten.

Dermed slepp mannen unna med ein samfunnsstraff på 45 timar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -