Foto: Skandinavisk Tivolipark
- Annonse -

Det tradisjonsrike tivoliet som plar koma i starten av mai kvart år køyrde forbi Stord i år. Men i juni vil eit anna tivoli ta turen.

Stord er ikkje vanleg destinasjon for Skandinavisk Tivolipark, men i år tek dei turen. Det vil nok glede mange, sidan Lunds tivoli ikkje kom til Stord i år slik dei plar.

Frå 7. til 10. juni vil tivoliet halde ope på Heiane Vest, like ved det nye Biltema-varehuset.

Utanom dei vanlege opningstidene vil tivoliet også invitere alle barnehagane i byen til gratis tivolitur ein time fredag 8. juni.

– Me har ein tettpakka turné frå Østfold til Nordland. Heile sommaren er booka opp og det er ein rutinert gjeng med mykje gøy utstyr som reiser rundt, seier tivolisjef Roy Andersen frå Skandinavisk Tivolipark til Midtsiden.

Han har vore i tivolibransjen i heile 40 år. Skandinavisk Tivolipark skildrar seg sjølv som eit familietivoli, og har vore på turné kvart år sidan 1998.

- Annonse -

Tivoliet skal også besøke Sveio og Husnes.

- Annonse -