Den danske bilrekvisita-kjeda Thansen blir å finne på Stord. Foto: Thansen
- Annonse -

Bilrekvisita-kjeda Thansen etablerer seg på Stord neste sommar, vegg i vegg med Rusta.

Handelstilbodet på Heiane vert vesentleg utvida i løpet av 2018. Til sommaren opnar Biltema med eit svært varehus på 3500 kvadratmeter. No er det også klart at svenske Biltema får ein ny stor dansk konkurrent på Stord.

Bilrekvisita-kjeda Thansen vil nemleg opne butikk i det nye næringsbygget som er under oppføring bak Bohus, der Rusta også skal etablere seg.

Ny aktør

Thansen er heilt nye i Norge, etter at dei kjøpte opp Torshov Bilrekvisita tidlegare i år, og varsla at dei vil etablere mange nye butikkar i Norge.  Kjeda skal først opne ny butikk på Raglamyr ved Haugesund, som den 14. butikken i Norge.

Kjeda har planar om å ha 30 butikkar i Norge innan kort tid.

- Annonse -

– Dei kjem til å opne ein butikk på rundt 1000 kvadratmeter i juni neste år, like etter Rusta som skal opne 28. mai, fortel huseigar Jens Tore Engevik.

Fleire handlande

Engevik trur ikkje handelsnæringa på Heiane er metta, trass i enorm utbygging dei seinare åra.

– Jo meir tilbod jo fleire folk kjem til å kome. Med etableringa av Biltema, Rusta og Thansen i 2018 kjem Heiane til å trekke enormt med folk. Eg trur spesielt bømlingane, sveibuen og tysnesingane no kjem til å handle endå meir på Stord.

- Annonse -