- Annonse -

Johan Castberg-kontrakten gjer at Kværner no har bestemt seg for å gå i gang med storutvidinga av verftet på Stord, til ein prislapp på 370 millionar kroner.

Kværner presenterte først dei spenstige planane om utviding av dokken og verftsområdet på Stord rundt årsskiftet. Då var det framleis uvisst kva tid prosjektet kunne realiserast.

Når Kværner i dag vart tildelt kontrakten for produksjonsskipet til Johan Castberg melder konsernet at dei no er klare til å gå i gang med storutvidinga.

Detaljprosjektering vil starte umiddelbart etter godkjenning frå Kværner sitt styre. Oppstart av det fyiske arbeidet er planlagt i mars, med planlagt ferdigstilling i løpet av første halvdel av 2020.

Konsernsjef Jan Arve Haugan i Kværner.

17.000 nye kvadratmeter

Utvidinga vil auke kai-kapasiteten ved verftet med 266 meter og gi 17 000 kvadratmeter nytt produksjonsareal ved anlegget. Djupna ved den nye kaien vil bli på 16 meter, no om vi gjere det mogleg at dei fleste flytande ofshoreinstallasjonar kan ligge til kai.

I tillegg vert kranbanen forlenga med rundt 100 meter, som vil medføre at installasjonar som ligg ved den nye «Vestkaien» vil få auka krandekning av den store 1.050 tonns «Storen»-kranen.

- Annonse -

Konsernsjef i Kværner, Jan Arve Haugan fortel at storutvidinga vil gjere det mogleg for Kværner å jobbe med fleire prosjekt samtidig.

– Andre fordelar med den nye kaien er at den vil gi oss et alternativt innlastingsområde for moduler fra underleverandørar. Det gjer oss også betre i stand til å jobbe med fleire store og mindre prosjekt i parallell. I tillegg vil kaien gi oss fleksibilitet og moglegheiter inn mot potensielle nye marknader, seier Haugan.

Slik ser Kværner for seg kaiutvidinga. Det grøne feltet marerer det planlagde kaiområdet, og kranen Storen vil få forlenga sporet sitt ved ei slik utviing. Teikning: Kværner

– Avgjerande med god kapasitet

Selskapet skriv at investeringa vil forbetre produktiviteten for samanstillinga og ferdiggjeringa av prosjekt som Johan Castberg.

– Det er avgjerande med eit fleksibelt anlegg, som har god kapasitet og som støttar opp under feilfri prosjektgjennomføring og levering på avtala tid. Eit utvida kai gir større mogegheiter for både kranløft og utrustingsarbeid. Det vil styrke produktiviteten vår for samanstilling og ferdiggjering, seier Haugan.

– I tillegg kan utvidinga agi auka konkurransekraft for framtidige prosjekt der det kan gjevast betydelege fordelar å utføre integrasjon og oppgradering for flytende plattformar langs ein utrustingskai på djupt vatn med god krandekning.

Kværner skriv at investeringsplanen er avhengig av endeleg godkjenning av styret i Kværner.

- Annonse -