Einar Iversen (17) er rangert heilt i toppskiktet blant fotballtalenta i Hordaland. Foto: Twitter
- Annonse -

Bergens Tidende har rangert dei største guttetalenta i Hordaland. På andreplass finn me stordabu og Everton-spelar Endre Iversen.

I godt over eitt år har stordabuen no vore i Liverpool, der han har spelt for Everton sitt Gutar 18-lag.

17-åringen frå Stord seier til Bergens Tidende at han ikkje har angra eit sekund på at han reiste til England.

– Eg har aldri tenkt at eg burde latt vere å dra. Aldri i nærleiken. Eg har vore mentalt klar for dette, seier Iversen til avisa.

Blitt betre trent

Iversen har vore kaptein for U18-laget i lengre periodar. Trass i hans unge alder har han også fått trent ein del med U23-laget til klubben. Han fortel til BT om ein sterk framgang i løpet av tida i Everton.

– Spesielt fysisk er eg blitt sterkare og betre trent. Så er det mykje høgare tempo i engelsk fotball enn i Norge, det merkar ein jo, og no heng eg betre med enn i starten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Når Bergens Tidende skal rangere dei største fotballtalenta blant gutar i Hordaland født mellom 2001 og 2004 når Iversen nesten heilt til topps. Han hamnar på ein andreplass, like bak Sander Christiansen som speler for den tyske klubben M’Gladbach.

Ida Holm Neset frå Stord er i følgje BT det sjette største fotballtalentet blant jentene i Hordaland. Foto: privat

Stord-jente på sjetteplass

Me finn også ein stordabu på BT si tilsvarande liste for jentespelarar født i same periode.

Ida Holm Neset (15) frå Stord hamnar på ein sterk sjetteplass på lista over dei største jentetalenta. Neset vart nyleg teken ut på J15-landslaget til Norge, og skal delta på dobbeltlandskampen mot Sverige i slutten av september.

Juryen skriv om Neset at ho er «ein ballfordelar som likar å styre spelet. Godt trent og med glimrande tilslag».

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -