Webkameraet til Statens Vegvesen viser lange køar på Stordabrua.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det var svært lange køar mot Stord etter at Bømlafjordstunnelen var stengt i nær to timar onsdag.

SISTE: Tunnelen er no opna for trafikk.

Bømlafjordtunnelen vart torsdag ettermiddag stengt etter at det blei funne ein gjenstand i vegbanen.

Det var i 12.30-tida at Vegmeldingssentralen måtte stenge tunnelen og be om assistanse frå en entreprenør. Godt og vel ein time seinare er tunellen framleis ikkje opna for trafikk.

Leif Jakob Sydnes frå Stord har venta nærare ein time i kø ved Digernes.

– Eg har sete her i godt over tre kvarter og høyrte på radioen klokka 12.55 på Statens Vegvesen skulle kome å rydde i tunnelen litt etter klokka 13.

- Annonse -

– No kom dei igjen og sa at dei fann ein entreprenør som skulle fikse problemet klokka kvart på to. Her står me og er eg sikker på at det er 4-5 kilometer med kø bak meg.

Sydnes synest det er merkeleg at det skal ta så lang tid å få rydda opp i tunnelen.

– Det er jo kkje første gong dette skjer. Eg lurar på beredskapen når dei brukar over ein time å kome fram for å rydde vekk nokre plastbiter i vegen.

Tunnelen har vore stengt fleire gonger den siste tida grunna liknande hendingar.

– Dei skal vere på plass no og driv med opprydding. Eg veit ikkje kor lang tid dette vil ta. Det var ein del rask som var spreidt utover men vonar på snarleg opprydding, seier Idar Sandgolt, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Han fortel at det lange oppryddingsarbeidet skuldast at entreprenøren måtte køyre frå Haugesund.

- Annonse -