Bensinstasjonen YX på Heiane er ein av stasjonane som er med på pilotprosjektet. Foto: Google
- Annonse -

Retten tenkte det ikkje var naudsynt å varetektsfengsle 24-åringen frå Stord etter knivranet på YX-stasjonen på Heiane førre veke. Men så han blei teken for nasking.

Det er Haugesunds Avis som i dag melder at 24-åringen som vart teken for å ha rana bensinstasjonen YX på Heiane tysdag i førre veke allereie har klart å gjere nye lovbrot.

Han blei lauslaten etter ranet, då retten meinte det ikkje var fare for gjentaking. Sjølv om 24-åringen er godt kjent av politiet frå før, meinte retten at det ikkje var grunn til varetektsfengsling, då det var ingenting som kunne tyde på at han var i ein periode med eit alvorleg rusproblem.

Teken for nasking

Men Haugaland tingrett burde ha høyrt på politiet, som ville ha han fengsla. For berre ei veke seinare blei han på nytt arrestert for å ha gjort nye straffbare handlingar.

Politioverbetjent Dag Vidar Nordhus ved Stord lensmannskontor opplyser til Haugesunds Avis at dei nye forholda dreier seg om nasking frå Spar-butikkane på Ådland og på Haga.

- Annonse -

Varetektsfengsla

Desse handlingane har ført til at retten no meinte at mannen likevel burde varetektsfengslast. 24-åringen blei dømt til fire veker varetektsfengsling, ei straff som han aksepterte i retten.

Retten meiner varetektsfengsling er naudsynt, då dei nye straffbare handlingane tilseier at mannen er inne i ein aktiv kriminell fase.

Mannen er tidlegare domfelt tre gonger tidlegare, seinast i 2015 då han blei dømt til eitt års fengsel for vald.

- Annonse -