Mats Aadland Flatås imponerte i Landsskyttarstevnet i Stjørdal. Foto: privat
- Annonse -

Mats Aadland Flatås (18) frå Stord kom på ein imponerande andreplass under årets Landsskyttarstevne.

18-åringen fekk utsett førstegangstenesta for å vere med på Landsskyttarstevnet i Stjørdal, der han klarte å bli den nest beste skyttaren i klassen for dei under 20 år, skriv BA.

– Eg er ganske nøgd. Det var ikkje «pers», men eg har hatt ein dårleg periode og forventa ikkje så mykje, seier Flatås til avisa.

Han fortel at han ikkje hadde fått trent så mykje som han ønskte sidan han er på veg til førstegongsteneste. Likevel nådde han altså heilt opp til andreplass, med 343 poeng.

– Det er bra. Eg har trent mindre i år sidan eg skal i forsvaret på førstegongsteneste. Då såg eg ikkje så mykje vits i å satse. Men skyting er noko eg vil satse vidare på i framtida.

Eigentleg var han også kvalifisert til finalen i feltskyting fredag, men sidan han må møte i forsvaret på torsdag må han stå over denne konkurransen.

- Annonse -

Flatås har gått toppidrett skyting på vidaregående skule.

- Annonse -