Bjørn Eidsvåg blir å sjå i Stord kulturhus i desember. Pressefoto.
- Annonse -

Stord er ein av 24 norske byar som får besøk av Bjørn Eidsvåg når han no legg ut på ny haustturné.

Den populære artisten er no i ferd med å avslutte suksessførestillinga si «Etterlyst: Jesus», og er klar for å presentere nye låtar for eit konsertpublikum over heile landet.

Konserten i Stord kulturhus er blant dei aller siste i Bjørn Eidsvåg sin planlagte haustturné, og vil bli halden 12. desember.

– I år igjen stiller me med nytt konsertprogram. Framleis mange kjende songar, men også fleire nye – og også litt nye historiar og rammar rundt dei, seier Edsvåg i ei melding.

Artisten viser til at tradisjonelle haustkonsertar på sett og vis har utspelt si rolle, då dei før var desse før var knytt til nyutgjevingar.

– Hausten er på mange måtar då me i min bransje startar året. Tradisjonelt har det nok vore slik at det er då dei fleste av oss gir ut ny plate og dermed nytt konsertrepertoar. Tidene har forandra seg og no er ikkje lenger hausten primetime for nyutgivingar. For meg er det difor framleis slik at eit nytt konsertår startar med haustturneen,

- Annonse -

– Me gler oss til å møte dykk, skriv den folkekjære artisten som no kan vise til heile 25 studioalbum.

I tillegg til konserten i Stord kulturhus vil Eidsvåg halde to konsertar i Haugesund.

- Annonse -