Biltema-bygget på Heiane Vest er nesten heilt ferdig. Men om det kjem varehandel i bygget er høgst usikikert.
- Annonse -

Stord kommune mottok i dag avgjerda til fylkesmannen i Rogaland i saka om etablering av nytt Biltema-varehus på Heiane Vest.

Departementet har gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å handsame klagen frå Fylkesmannen i Hordaland når det gjeld etablering av Biltema på Heiane Vest. No har dei bestemt seg å ta klagen til følgje.

– Det er både skuffande og overraskande å konstantere at Fylkesmannen i Rogaland har teke klagen til følgje, skriv ordførar Gaute Epland (Ap) i ei melding.

Kommunen sitt løyve om etableringa vert dermed gjort om, med bakgrunn i at fylkesmannen meiner at etableringa krev dispensasjon.

– Me stiller oss framleis undrande til at det vart klaga på kommunen sitt vedtak i staden for på fylket sitt overordna planvedtak. Ein slik praksis gjer det vanskeleg å vere føreseieleg i slike saker, seier Epland.

Epland har saman med rådmann Magnus Mjør vore i fleire møte med styresmaktene i saka. Dei har vore både i Stavanger for å ha møte med fylkesmannen, og i Oslo for å ha møte med departementet.

- Annonse -

– Det er og skuffande å konstantere at departementet, som elles synte stor forståing for kommunen sin argumentasjon, ikkje var villig til å bruke makta det har som overordna mynde til å avskjere klagen.

Ordføraren opplyser at dei no skal bruke dei neste dagane på å sjå korleis dei eventuelt skal ta saka vidare.

Styreleiar i Biltema Norge, Knut Svenningsen, opplyser til Stord24 at dei no har kalla inn til eit ekstraordinært styremøte om saka, og at dei vil kome med ei uttale om vegen vidare i løpet av dagen.

- Annonse -