Bilbrannen oppsto i denne varebilen. Foto: Stord brann og redning
- Annonse -

Like før klokka 18.30 onsdag kveld fekk politiet melding om brann i eit køyretøy i Bømlafjordtunnelen.

Siste: Klokka 22.10 melder politiet at tunnelen er opna for manuell dirigering. Det vert køyrt ledebil kontinuerleg med 50 bilar i kvar kolonne.

Politiet opplyste at det berre ein bil involvert, og at det ikkje er snakk om personskadar. Det er ein varebil som tok fyr.

– Føraren er ute av bilen og uskadd. Det er søkt gjennom tunnelen og ingen andre køyretøy er inne i tunnelen, opplyser politiet på Twitter.

Bilen står om lag éin kilometer inn i tunnelen på Stord-sida. Brannvesenet er no i gang med slukking.

Tunnelen vart stengt for trafikk i meir enn 3,5 time, fram til det vart opna for manuell dirigering like etter klokka 22. Det vart difor store bilkøar i begge retningar.

- Annonse -

Vegtrafikksentralen kom etter kvart til staden for å ta ei vurdering av skadane i tunnelen.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -