Elevtalet ved Sagvåg skule ligg an til å bli lågt dei neste åra. Foto: Stord kommune
- Annonse -

FAU ved Sagvåg skule ønskjer å innlemme bustadfelta Buneset og Smette Terasse i Sagvåg skule sin krins.

Medan elevsituasjonen er heilt sprengt ved Langeland skule er situasjonen heilt anna i Sagvåg.

Ved skulestart i år var det berre 17 elevar som byrja i 1. klasse på Sagvåg skule, medan Litlabø skule, som tradisjonelt har vore minst, har no 22 elevar.

Fådelt skule

Og meir skal det ikkje bli, ifølgje framskrivingane. Det har ført til at foreldreutvalet og rektor ved Sagvåg skule no ønskjer å utvide krinisgrensene for å hindre at Sagvåg vert ein fådelt skule.

– Det er fleire argument for dette. For det første meiner FAU at Buneset og Smette Terrasse høyrer naturleg til krinsen vår. I følge prognosane til elevtalet dei neste åra på Sagvåg skule, vi levtalet vere svært lågt. Me vil ikkje risikere at Sagvåg Skule blir ein fådelt skule.

- Annonse -

Foreldreutvalet ser også krinsgrensene i samanheng med at elevtalet ved Tjødnalio skule vil bli svært høgt dersom det blir slik kommuneadministrasjonen vil, at elevane i Hornelandsvågen skal gå på Tjødnalio skule.

Vil lette trykket på Tjødnalio

– Prognosane seier òg at samtidig som elevtalet vårt går ned, vil Tjødnalio skule sitt elevtal bli veldig høgt dersom dei overtar Langeland-elevar. Utbygging av boligområde, slik me kjenner til det, vil og skje i områda innanfor krinsen til Tjødnalio Skule.

– Ved å utvida grensene til skulekrinsen, vil me lette på trykket til Tjødnalio samtidig som skulen vår får auka elevtalet.

Rektoren i Sagvåg skule, Lars Bakka, skriv at han sluttar seg til forslaget frå foreldreutvalet.

Slik ønskjer dei at krinsgrensene skal endrast (raud strek er forslag til ny grense):

- Annonse -