Foto: Norled
- Annonse -

– Ein milestein for norsk innovasjon, men også ei gledelig markering av at me har spart miljøet for eit forbruk på cirka 3 millionar liter diesel, seier konsernsjef i Norled Ingvald Løyning.

Batteriferjen MF «Ampere» vart bygga i 2015 og går til dagleg i rute mellom Lavik og Oppdal på Sognefjorden.

Sidan då har ferja altså spart miljøpet for eit forbruk tilsvarande 3 millionar liter diesel, noko som i følgje Norled ville medført eit utslepp tilsvarande 108.000 tonn CO2.

– Då me sjøsette «Ampere» var Norled, saman med verftet Fjellstrand i Hardanger, unike i sitt slag og «Ampere» ein verdssensasjon. Å lykkast med eit grønt ferjealternativ har gitt positive ringverknader, og me er både glade og stolte over å sjå at utviklinga og bruken av batteriferjer er blitt svært sentrale i den politiske styringa og debatten om det grønne skiftet, seier konsernsjef i Norled Ingvald Løyning.

Her kan du lese kva Hege Økland i NCE Maritime CleanTech i fjor skriv om viktigheita av Ampere-ferja. Ho skriv mellom anna:

- Annonse -

«Ampere er ein direkte årsak til at regjeringa sette strengare miljøkrav i ferjeanboda frå 2014. Som følgje av dei nye krava vil i overkant av 50 bilferjer med batteripakker vil være i drift i løpet av 2020. Ampere har også lagt grunnlaget for teknologi og løysingar som har komme til nytte i fleire andre sektorar, som til dømes offshoresektoren der fleire og fleire båtar no får installert batteri om bord.»

- Annonse -
- Annonse -

Det er no fleire titals elektrisk ferger i bestilling i Norge. Ein av dei er no under bygging ved Oma Baatbyggeri på Stord, på oppdrag frå Boreal.

– Dette bevisar at det løner seg å investere i grøn teknologi – både for miljøet og for lommeboka. Sjølvsagt er det nokre startkostnader som må takast høgde for, men over tid ser me at grønn teknologi er god forretningsdrift, seier Løyning.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -