Ordførar Gaute Epland og rådmann Magnus Mjør har kome fram til semje med motpartane sine i Bømlo om vidareføring av barnevernsamarbeidet. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Etter mykje uro og att og fram, har Stord og Bømlo kommunar no kome fram til å vidareføre barnevernsamarbeidet.

Tysdag hadde kommunane møte om barneverntenesta tysdag, der det altså vart eit positivt utfall.

– Kommunane er innstilte på å setja strek over usemja, og ser fram til å fortsetja samarbeidet og vidareutvikla våre felles barnevernstenester. Eg er glad for at me no har sikra at samarbeidet vert vidareført, seier Stord-ordførar Gaute Straume Epland i ei melding.

Bakgrunnen for at Stord kommune avslutta barnevernsamarbeidet med Bømlo i slutten av april, var at Bømlo ikkje ville akseptere påslag i administrasjonskostnadane på 250.000 kroner for inneverande år.

Løysinga på møtet var at Bømlo kommune betalar 150.000 kroner av administrasjonskostnadane, og Stord og Fitjar resten høvesvis 70.000 og 30.000 kroner.

– Me har kome fram til semje om kostnadsfordeling for 2018 som inneber at samarbeidet vert vidareført. Sjølv har eg heile vegen vore overtydd om at interkommunalt samarbeid på dette området er til det beste for både dei tilsette og ikkje minst for barna, seier Epland.

- Annonse -