Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) og Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) har vanskar med å samarbeide om ei rekkje regionale oppgåver. Foto: Jonas Sætre/Stord24/Høgre
- Annonse -

– Me hadde helst sett at ein la vekk diskusjonen og at Sunnhordland står samla, i staden for å levere ut lite konstruktive servar til kvarandre, seier fylkesdirektør.

Debatten om framtida til Sunnhordland tingrett dei siste vekene har ført til at leiinga i Kvinnherad kommune nyleg gjekk mot fleirtalsvedtaket om å samlokalisere tingretten og jordskifteretten på Stord.

Kvinnherad varslar at dei på eiga hand vil halde fram med å jobbe fram Husnes som lokasjon for tingrettane i Sunnhordland og Hardanger.

Også når det gjeld saka om innkorting av ferjesamband mellom Stord og Kvinnherad vart det i går kjent at kvinnheringane har valt å bryte samarbeidet med Stord, og bedt fylket overta planarbeidet. Bakgrunnen er at formannskapet på Stord vedtok å vente med planarbeidet til finansieringa er på plass.

– Dette er ikkje eigna til å skape godt samarbeidsklima mellom kommunane, skreiv Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) i eit brev til formannskapet i Kvinnherad i går. 

Fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal. Foto: Hordaland fylkeskommune

Strid om regionsenterstatus

I desse debattane har Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø gjentekne gongar argumentert med at Husnes har status som regionsenter på lik linje med Leirvik, og at det difor er naturleg at Stord må gi frå seg funksjonar til Kvinnherad.

- Annonse -
- Annonse -

Men regionsenterstatusen til Husnes er kontroversiell i Sunnhordland. I fjor tok tidlegare Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) til motmæle mot Husnes sin regionsenterstatus.

– Ein region som får regionsenter i nabokommunen – det blir eitt for mykje det. To konkurrerande senter kan me ikkje ha, sa Herstad.

Sigbjørn Framnes (Frp) kom med liknande kritikk mot Slettebø sin framheving av Husnes som regionsenter under formannskapet førre veke.

– Slettebø var sjølv med på å få fylket til å vedta at Husnes fekk regionsenterstatus for fylkeskommunale oppgåver som skule og tannlege. Det har aldri vore intensjonen at Husnes skal vere eit regionsenter for Sunnhordland. Dette er Slettebø fullt klar over, sa Framnes.

Tre nye regionsentra

Stord24 tek difor kontakt med fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland, Bård Sandal, for å høyre kva status det er tenkt at Husnes eigentleg skal ha.

– Bakgrunnen for at Husnes er regionsenter er eit vedtak frå 2015, då talet på regionsenter blei utvida med tre: Kleppestø på Askøy, Åsane i Bergen og Husnes. Desse sentra blei deinert inn som regionsenter med bakgrunn i at fylkestinget sa at alle bør nå eit regionsenter innan ein times køyring, og at eit omland på minimum 10.000 innbyggjarar kvalifisererer som regionsenterstatus, seier Sandal.

- Annonse -

– Kva skal eit regionsenter innehalde?

– Me vil at regionsentra skal ta opp i seg viktige kommunale og fylkeskommunale tenester som tannhelse, opplæring og knutepunktfunksjonar. Elelr statlege institusjonar som NAV og politi. Så er det sjølvsagtopp til kvar bygd og by å sjølvsagt gjere det dei kan for å få til seg funksjonar som betyr noko for dei.

Når det gjeld forholdet mellom Leirvik og Husnes som regionsentre understreker Sandal at det er naturleg at Leirvik har ein sterkare funksjon.

– Det vil vere naturleg å tenkje at det største regionsenteret har ein sterkare funksjon, og at ein del viktige funksjonar, også for Kvinnherad, har sin naturlege plassering i Leirvik.

Bør legge vekk diskusjonen

Sandal har fått med seg medieoppslaga om det sure samarbeidsklimaet mellom Stord og Kvinnherad, og meiner Sunnhordland har alt å tape på å ikkje samarbeide.

– Me hadde helst sett at ein la vekk denne diskusjonen og at Sunnhordland tenkjer dei store utviklingsmoglegheitane samla, i staden for å levere ut lite konstruktive servar til kvarandre. Men me tek jo det til etterretning.

I det nye kommunekartet vil heile 80 prosent av innbyggjarane i Hordaland bu i kommunar i Bergens-området. Sandal meiner Sunnhordland difor ikkje har råd til å krangle seg i mellom og kven som skal ha dei ulike funksjonane.

– Ein har alt på å vinne og samarbeide, og ta gode diskusjonar for korleis å utvikle eit sterkt Sunnhordland på grensa mellom Bergen og Haugalandet. Ein klarar seg klart klart best om ein står samla.

Nye oppgåver

Sandal viser også til at Stortinget i oktober skal diskutere nye oppgåver til dei nye fylkene, og at det er venta fleire nye funksjonar, som også kan koma til Sunnhordland.

– Det ligg an til fleire nye oppgåver til dei nye fylka. Då skal jo ikkje dei nødvendigvis lokaliserast til Bergen. Dei vil sjå seg rundt og sjå kor dei nye oppgåvene skal lokaliserast. Dersom ein region står samla om kor ein vil ha lokaliseringa står ein mykje sterkare. Eg vil oppmode alle regionane om å ta den debatten.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -