Lise Hatlevik. Foto: Sara Slålie.

Leiar for Stord Hestesportlag har tru på godt oppmøte når dei for første gong arrangerer landsstemne i sprang frå 22. – 24. september.

– Me håpar det kjem til å kome mykje folk frå heile Vestlandet, både frå Rogaland fylke og Hordaland. Kanskje blir me bortimot 100 stk. som rir kvar dag, det håpar me absolutt, seier leiar for Stord Hestesportlag, Siren Eldøy Hinderaker.

Laget, som tidlegare vart kalla Stord Ride- og køyreklubb, feira 40-årsjubileum i fjor på Stalloftet. No er dei i ferd med å førebu seg til landsstemne i sprang i september. Dette er første gong dei arrangerer eit slikt stemne på Stord.

– Me er veldig glad for at me fekk dette stemnet. No har me vore i drift og hatt ulike stemner sidan 2014, så det å få lov til å arrangere noko slikt er utruleg gøy, seier Hinderaker.

Ho viser til det nye hestesportsenteret i Tysemarkjo som var ferdigbygd i 2014.

Landsstemnet er tildelt av Noregs Ryttarforbund.

 

Stor betydning

Per i dag har klubben over 200 medlem og 50 hestar i tilknyting til ridesenteret. Dette er langt fleire enn det var før ridesenteret starta opp i 2014. Då låg nemleg talet på rundt 25-30 medlem.

Medan somme av medlemane først og fremst er ute etter turriding, er andre dedikert til konkurransar og stemner. Silje Hatlevik (18) og Lise Hatlevik (13) er ein av dei.

Dei trur begge at landsstemnet vil ha stor betydning for Stord Hestesportlag framover.

– Det er bra at me kan arrangere noko på eit høgare nivå. På den måten kan me få besøk av flinke ryttarar frå andre stadar, få vist oss fram og vise kva me har å tilby, seier dei.

Silje Hatlevik har tidlegare delteke på NM og det internasjonale stemnet i Tønsberg, AEG (Arctic Equestrian Games), der ho kom på 5. plass. Til hausten har ho tru på å bli kvalifisert til Oslo Horse Show.

Litlesøstera har også delteke på AEG og dessutan Bergen Horse Show.

Silje Hatlevik. Foto: Privat.

Kjempeløft for hestesporten

Søskenparet trur ikkje dei kunne drive på med hestesport på same nivå dersom det nye hestesenteret ikkje hadde blitt bygd.

– Den gamle banen var mykje mindre og hadde dårlegare underlag for hestane. Me hadde heller ikkje mykje hinder og all aktivitet gjekk føre seg ute. Derfor var det vanskeleg å trene om vinteren når banen var fryst ned, seier dei.

Leiar for klubben kan bekrefte at dette var tilfelle.

– Heilt klart. Det å få lov til og flytte ned til området i Tysemarkjo har vore eit kjempeløft for hestesporten, seier ho.

Det nye hestesportsenteret vart bygd i 2014. – Eit kjempeløft for hestesporten, seier Siren Eldøy Hinderaker. Foto: Malin Langøy Aarbø.

Fleire planar framover

Stord Hestesportlag har fleire planar framover. I tillegg til landsstemnet skal dei delta i Ryttarforbundet sitt satsingsprogram med start i september. Sommaren 2018 skal dei også arrangere Fjordhest NM.

Hinderaker meiner at hest kan ha ein helsebringande effekt på ungdommen og vonar dei vil kunne rekruttere fleire medlem i framtida.

– Å drive med hest betyr mykje for den enkelte. For dei som har moglegheit til å bli ein god ryttar, utvikle seg sjølv og oppleve ei kjensle av meistring, er det viktig å ha det tilbodet. Ikkje minst å utvikle tryggleik med eit så stort dyr. Det gjer noko med ungdommen, seier ho.