Arnhild Myklebust i Brilleriet tilbrakte to dagar i Bredtvedt kvinnefengsel. Foto: privat
- Annonse -

– Eg tenkte litt på det i forkant om det kom til å bli vaktar rundt dei og om dette rett og slett var litt farleg. Men dette var utruleg greie kundar.

Arnhild Myklebust driv til vanleg Brilleriet i Leirvik sentrum og på Heiane. Men nyleg hadde ho nokre ganske så uvanlege arbeidsdagar.

Ho tilbrakte nemleg to dagar i Bredtveit kvinnefengsel i Oslo, som er Norge sitt høgsikkerheitsfengsel for kvinner, for å undersøke synet til dei innsatte i fengselet.

Myklebust tok del i prosjektet gjennom eit Norges Optikerforbund si humanitære satsing, og tok saman med fem andre optikarar del i synsundersøkinga av 40 kvinner.

– Av desse var det berre eit fåtal som ikkje trengte briller, og fleire hadde aldri hatt briller før, fortel Myklebust.

Dårleg syn skapar lærevanskar

Ho fekk stadfesta undersøkingar i utlandet som viser at innsatte i fengsel oftare enn andre har synsproblem som ikkje har vore avdekka tidlegare

- Annonse -

– Me kan her sjå den same trenden i Norge. Det er mange som har synsfeil som ikkje har vore avdekka før, og som dei har hatt sidan dei var barn. Det har ført til lesevanskar og lærevanskar, som kan igjen kan gjere dei urolege og ukonsentrerte. Så har ein ikkje kopla at det faktisk er synet som spelar inn.

Her utfører Arnhild Myklebust synstest av ein av dei innsatte. Foto: privat

Myklebust meiner difor at det offentlege burde hatt ein mykje tettare oppfølging av synet til ungar, for å førebygge fråfall i skulen, som igjen kan gjere folk blir lettare eksponert for kriminalitet.

– Slik det er i dag er det ingen som tek ansvar for synet til ungar, og ungane sjølv har jo ikkje noko samanlikning om korleis det er meininga at dei skal sjå.

– Så ein kan trekkje ei slutning mellom dårleg syn og kriminalitet?

– Det er jo sånne tankar me gjer oss. No er jo dette materiale som skal forskast meir på. Men det er iallfall logiske slutningar her som seier at dei ikkje har fått moglegheitane dei kunne hatt om synet hadde vore bra.

Fengselsfuglar

Myklebust fortel om eit svært givande opphald i kvinnefengselet.

– Eg møtte svært takksame innsatte. Det var stereotyspiske fengselsfuglar som ein kjenner igjen frå TV-seriar, men óg damer som du aldri kunne sjå for det å ha gjort noko gale, som kunne vore mi eiga mor.

I Bredtveit kvinnefengsel finn ein dei innsatte som må sone for dei mest alvorlege brotsverka. Myklebust vedgår at ho var litt nervøs på førehand.

– Eg tenkte litt på det i forkant om det kom til å bli vaktar rundt dei og om dette rett og slett var litt farleg. Men du fekk verkeleg møte menneska og ikkje den forbrytaren du ser for deg. Dette var utruleg greie kundar, og veldig takksame for å møte folk som er interessert i å hjelpe dei.

Her er optikarane som var med på prosjektet. Foto: privat

Gav meirsmak

Alle dei innsatte får både synsundersøkinga og nye briller dekka gratis av optikarforbundet. Opplevinga til Brilleriet-sjefen gav tydeleg meirsmak, og ho tek gjerne fleire fengselsopphald.

– Eg kunne veldig gjerne tenke meg å gjere det igjen, og håper eg får halde fram med å dra rundt i fengselsverda.

- Annonse -