Hordfast kan få store konsekvensar for naturen mellom Stord og Bergen.

KOMMENTAR: Der det i Arbeiderpartiet finst usemje både om prioriteringa av Hordfast og om motorvegen over Stord, så ropar Høgre tydeleg JA til begge prosjekta.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Spelet om Hordfast og ny E39 er i konstant endring.

I den eine augneblinken er snakk om svimlande, urealistiske kostnadar, som igjen skapar grunnlag for politiske signal om å nedprioritere prosjektet. Slik som i vår, då mang ein sunnhordlandspolitikar sette kaffien i halsen då fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) ga tydeleg beskjed til regjeringa om at Hordfast skulle stå sist på prioriteringslista over samferdsleprosjekt i Hordaland.

Kutta kostnaden

Men berre nokre månadar seinare har signala om vegprosjektet snudd frå å vere negative til positive. Nyleg gjorde kommunal- og moderniseringsdepartementet det klart at dei har gjort eit vedtak om traséval for E39 over Stord – mot koalisjonen i Stord kommune sitt ønskje om å legge vegen i tunell gjennom Landåsen. Sjølv om prosjektet ikkje kom med på Nasjonal Transportplan, er det mogleg at det likevel kan bli løyva pengar til planlegginga til hausten.

Så seint som i førre veke melde Statens Vegvesen at dei har klart å kutte prisen på brua over Bjørnefjorden med 8 milliardar kroner. Ifølgje ei oversikt som samferdsledepartementet har laga seilar Hordfast difor opp til ein tredjeplass over dei mest lønsame vegprosjekta under planlegging i Norge. E16 mellom Voss og Stanghelle er på botn av lista.

Av ti stordabuar på stortingslistene er det berre Liv Kari Eskeland og Magne Rommetveit som har reelle sjansar for å kome inn. Foto: Sysla/Stortinget

Kan bli to frå Stord på tinget

Det er interessant å notere seg kor ulike dei politiske reaksjonane har vore undervegs i debatten om gigantprosjektet. Spesielt når det gjeld Arbeidarpartiet og Høgre. Der det i Arbeiderpartiet finst tydeleg usemje både når det gjeld Hordfast og når det gjeld motorvegen over Stord, ropar Høgre tydeleg JA til begge prosjekta.

Årets valkamp er også ekstra spennande for Stord sin del – for Stord kan få representantar på tinget frå begge desse partia.

Det er ingen som har ivra så mykje for ny E39 og Hordfast som Høgre. Engasjementet frå stortingskandidat Liv Kari Eskeland (H) vitnar om ei oppriktig vilje til å få prosjektet gjennomført. Det gjer også partiet sitt sterke band til næringslivet, kor næringslivsorganisasjonar som NHO og Stord Næringsråd er ivrige forkjemparar for ny E39. At stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) no skal starte som dagleg leiar i lobbyorganisasjonen for Hordfast er ikkje akkurat med på å undergrave inntrykket av partiet sin iver for gigantprosjektet.

Usemje i Ap

Når det gjeld Arbeiderpartiet er ting langt meir komplisert. På papiret ønskjer også Arbeiderpartiet ny E39 og Hordfast, men motstridande politiske utsegn skapar eit inntrykk av at det er ei grunnleggande usemje innad i partiet, både når det gjeld prioritering og traseval.

Så seint som i februar i år uttalte fylkespolitikarar frå Ap at ein måtte revurdere indre trasé for å få ned kostnadane. Ein skal ikkje gå lenger tilbake enn til 2015 då representantskapet til Hordaland Ap uttalte samla at E16 var viktigare enn Hordfast.

Ein kan også undre seg når lyttar til Hordaland Ap sin førstekandidat Magne Rommetveit. I eit ferskt intervju med BT er heile fokuset på E16 mellom Voss og Stanghelle. På spørsmål om kva han har fått utretta for Hordaland på Stortinget, så trekkjer han fram korleis han «fekk heile Ap-gruppa med på å klassifisere Arna-Stanghelle som eit spesielt prioritert prosjekt, og skyve fram i tid midlar til det.»

Vidare garanterer han at bygging av E16 vil starte i 2021 dersom Ap kjem i regjering.

Sjølv om vinklinga i saka er på E16, så er det likevel påfallande at Hordfast og E39 over Stord ikkje vert nemnd med eit ord av ein politikar som har vore ordførar på Stord i 15 år.

Lokal ambivalens

Den same ambivalensen ser ein lokalt i Stord-politikken. Det er også verdt å minnast om korleis tidlegare ordførar Harry Herstad (Ap) og koalisjonen på Stord protesterte høglydt mot planane om ny firefelts motorveg over Stord.

Reaksjonane frå Stord-politikarane då kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) vedtok E39 gjennom Landåsen utan tunell, er også verdt å leggje merke til. Både Jakob Bjelland (Sp) og Nils Magne Blålid (Sv), som begge er sterke motstandarar av alternativ 4, kom med signal om at det er naudsynt med eit regjeringsskifte til hausten for å redusere dimensjonane på den planlagde motorvegen over Stord.

Basert på alle desse signala er sannsynet stort for at framdrifta og prioriteringa for vegprosjektet vert noko heilt anna dersom det skulle bli ein ny, Ap-styrt regjering til hausten.

På Stord handlar årets stortingsval difor i stor grad om du er for eller i mot ny E39. Dersom du ønskjer bru over Bjørnefjorden og motorveg over Stord så raskt så mogleg, så bør du røyste borgarleg. Dersom du er motstandar av å gjere dei naturinngrepa som må til for å bygge desse gigantprosjekta, så bør du røyste på venstresida.

Difor er årets stortingsval svært relevant for Stord sin del, for det kan vise seg å vere like mykje eit lokalval.