Foto: Apply Leirvik

Førebels er det ikkje klart kor mange som må gå, men verksemda utelukkar ikkje oppseiingar.

Det skal ikkje vere bestemt kor mange som må gå, men dette skal verte klart før ferien, opplyser Kjell Arne Halleraker ved Apply Leirvik til bladet Sunnhordland.

– Me håpar at nokre tilpassingar kan skje med naturlege avgangar og omplasseringar, slik det blir minst mogleg permitteringar og oppseiingar, seier Halleraker til avisa.

Bakgrunnen for nedbemanninga skal vere at mange prosjekt vart ferdigstilte på same tid i 2015, og at ein no må tilpasse organisasjonen til utsiktene for framtidige oppdrag.

Sunnhordland skriv at verksemda hadde 300 tilsette ved årsskiftet, noko som er 40 færre enn for to år sidan.