Anna Sofie Ekeland Valvatne var ein av arrangørane bak Storapride 2018. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Anna Sofie Ekeland Valvatne (20) har alltid hatt eit avslappa forhold til sin eigen seksualitet. Likevel vedgår ho at det ikkje er like lett å vere annleis på ein liten stad som Stord.

– Eg er jo bifil, og det er det ikkje alle som anerkjenner. Du skal anten vere hetero eller homo. Folk seier at det å vere bifil er noko du er før du tør å kome ut som homo. Slik er det ikkje, seier ho til Stord24.

SV-politikaren frå Stord var blant dei som holdt appell på torget i dag under historias første Storapride på Stord. Med nesten 4000 menneske til stades på arrangementet og ein parade på heile to kilometer, er det trygt å slå fast at arrangementet blei ein suksess.

– Det er så mange inntrykk at eg har vanskeleg for ordleggje meg. Mest av alt er eg stolt. Stolt over Stord SU, stolt over storabuen og stolt over kommunen min. Eg er óg veldig rørt. Eg tok meg sjølv i å grine litt, då eg kom på torget i dag og såg regnbogeflagget som flagra nedover rådhuset.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Støttande miljø

Det fargerike flagget symboliserer fellesskap og fridomen til sjølv å definere sin eigen identitet, seksualitet og kjærleik. Regnbogeflagget prega både paraplyar og antrekk i Borggata under paraden i dag, og det var tydeleg at folk stilte opp for å støtte opp om bodskapen – trass i mykje debatt rundt temaet dei siste vekene.

– For meg har det ikkje vore så vanskeleg å vere skeiv på Stord. Eg har eit miljø rundt meg som er veldig støttande. Eg har aldri følt at eg har måtte «kome ut» som bifil, det er liksom noko eg har hatt eit veldig avslappa forhold til, seier Ekeland Valvatne.
Ho meiner likevel det er viktig å setje fokus på retten til å elske – uavhengig av kjønn.

Treng ikkje vere maskulin som lesbisk

– Det kan vere skummelt å vere annleis når du bur på ein litan stad. Eg veit om fleire som ikkje vil kome ut her på Stord fordi dei er redde for reaksjonar og sanksjonar, seier ho.

– Eg vert forelska i folk som har eit anna kjønn enn meg, og folk som har det same kjønnet som meg. Folk skal ikkje fortelje meg at eg må velje anten eller.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -

Blant andre som møtte opp til Storapride med familien var Rebecca Alsaker (36). Ho har sjølv vore open om seksualiteten sin i 10 år, og påpeikar at folk ikkje alltid forstår kva det vil seie å vere lesbisk.

- Annonse -

– Det er mange forskjellige menneske som er homofile, nokre gutar er ekstremt feminine, nokre jenter er ekstremt maskuline. Det veit eg kan plage ein del folk. Eg er ei jente som ikkje er så lett å sjå er lesbisk. Men uansett betyr det ingenting. Me er menneske med kjensler og har forskjellige måtar å vise det på.

Rebecca Alsaker og dottera. Foto: Malin Langøy Aarbø

Betre å vere «ute enn inne»

– Kva råd kan du gi til folk som er usikker på si eiga seksuelle legning, eller folk som er redde for å vise det?

– Det skumlaste er å ta det første steget. Men eg anbefalar folk å stå fram som den dei er. Det er verre å vere inne i skapet enn å kome ut, og det er ikkje verdas undergang, seier Alsaker.

Sjå galleri frå Storapride 2018 her. Alle bilete er teken av Kari Mendelejev von Svanberg.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -