Illustrasjonsfoto: Bømlo kommune
- Annonse -

Fylkespolitikarane har vedteke at alle vidaregåande elevar i Stord, Bømlo og Kvinneherad får gratis skuleskyss.

I fjor vart mange forargra over at Skyss skjerpa inn reglane for å få gratis skuleskyss.

No har pipa fått ein annan lyd. No får alle elevar på vidaregåande skule busett i Stord, Bømlo og Kvinnherad tilbod om gratis skuleskyss, uavhengig av kor dei bur.

Dette vedtok utval for miljø og samferdsle i Hordaland fylkeskommune tysdag.

Bakgrunnen er at fylkesrådmannen innser at kravet om busstilbod etter klokka 21 ikkje er til stades, og at det ikkje er grunnlag for å Skyss å gå vekk frå dette kravet.

– Det er viktig at dette no blir rydda opp i. Elevane har krav om gratis skuleskyss. Då skulle det berre mangla at dei fekk det, seier Geir Angeltveit (V).

- Annonse -

Samtidig meiner Angeltveit at vedtaket har ei bismak, ved at det i praksis er ei erkjenning av at busstilbodet i Sunnhordland er for dårleg.

– På den andre sida er det jo klart at me gjerne skulle sett at busstilbudet var enda betre. Den kampen må me ta med oss inn i den nye vestlandsregionen.

- Annonse -