Foto: Wikimedia Commons (CC-lisens)
- Annonse -

Eit 150 mål stort område i Heiane Sør er vurdert som eitt av dei mest veleigna lokasjonane for etablering av framtidige datasentre.

Selskapet Invest in Bergen har i samarbeid med BKK, etter innspel frå kommunane i Hordaland, laga ein moglegheitsstudie for å vurdere eigna lokasjonar til etableringa av datasenter.

Bakgrunnen er at bygging av datasentre, både mindre og store, kjem til å bli ein stor industri dei neste åra. Med tanke på den gode tilgangen på fornybar kraft har særleg Vestlandet gode konkurransefortrinn for slike etableringar.

Tilfredsstillande eigna

Stord kommune sendte inn to forslag til vurdering: Heiane Sør og Litlabø. Selskapet har i følgje ei rekkje kriteriar kome fram til at Heiane Sør er ein av dei best eigna lokasjonane for etablering av datasenter i Hordaland.

– Heiane Sør vil blant anna ut frå størrelsen av arealet vere tilfredsstillande eigna for fleire typer datasenteraktørar, som medium serverhotell og high performance computing (HPC) datasentre, står det i rapporten.

Området som er vurdert på Heiane Sør er 150 mål stort og eigd av Eivind og Nils Jonny Horneland og Heiane Sør AS. Det vert lista opp ei rekkje fortrinn med å etablere datasenter på Heiane, ikkje minst mange IT-verksemder og tilknyting til høgskulemiljøet og industrikompetansen i regionen. I tillegg er moglegheit for redundat kraft frå vindmøllene i Fitjar eit føretrinn.

Det innsirkla området i Heiane Sør er ein veleigna lokasjon for etablering av datasentre. Foto: Google
- Annonse -

Det einaste som står att før ei større datasenteretablering på Heiane er mogleg, er påkoblinga til trafostasjonen på Litlabø.

– Dersom det kan garanterast 50 MW til einkvar tid er dette tilfredsstillande. Det må synast fram korleis Heiane Sør-området skal kunne forsynast frå Litlabø der aktuell trafo befinn seg.

Fleire førespurnader

Invest in Bergen opplyser at dei allereie har hatt fått fleire førespurnader frå selskap som ønskjer å etablere datasenter.

– Me har hatt direkte førespurnader etter datasenterareal frå HPC-aktørane og frå nokre tradisjonelle aktørar innan serverhotell. Dette har gitt oss stor tru på at prosjekte bør takast vidare, skriv Invest in Bergen.

No vil BKK jobbe vidare med prosjektet for å få etablert datasentre i regionen innna kort tid.

– BKK vil setje av midlar og arbeidskapasitet til å jobbe vidare med prosjektet, og ønskjer at Invest in Bergen og Hordaland fylkeskommune inviterer BKK og eventuelt andre til å etablere eit prosjekt i fellesskap for å nå målsetjinga om å få etablert datasentre i regionen i løpet av to til tre år.

- Annonse -