Forfattar Helge Hammersland er aktuell med ny barnebok. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Det er blitt ein av mine kjepphestar det å prøve å finne ut korleis ungane har det, dei som sit rundt omkring og ikkje tør å seie at dei er redde, seier den bokaktuelle Stord-forfattaren Helge Hammersland.

Helge Hammersland var assisterande rektor på Rommetveit skule fram til i fjor, då han pensjonerte seg. Då debuterte han også som barnebokforfattar med boka «Kaninen, Kamilla og løva», og er allereie no klar med ei ny bok: «Guten som var redd for å læra å lesa».

Boka handlar om ein gut som skal begynne på skulen og som er redd for å lese. Han kan eigentleg lese, men han tør ikkje fortelje det til dei vaksne.

Helge Hammersland si bok «Guten som var redd for å læra å lesa» er illustrert av Sveio-kunstnar Grethe Nordskog.

– Eg vil ikkje røpe for mykje om kva boka går ut på. Men det handlar om eit monster, som har flytta ut i treet utanfor huset til guten. Dersom guten lærar å lese så må han ligge heilt aleine. Bodskapen i boka er viktigheita av å fortelje vaksne ting ein er redd for.

Dei engstelege borna

Boka handlar om dei han skildrar som dei engstelege borna, som Hammersland har hyppig kjennskap til gjennom eit heilt yrkesliv som barneskulelærar.

– Eg har alltid sett mange ungar som er engstelege, og tenkjer også tilbake på eigen barndom. Eg var engsteleg for alt mogleg, om det var for Gud eller tannlegen. Men ein tør jo aldri seie noko. Det har nok samanheng med at eg som gut ikkje ville vere ein pyse. Det førte jo til at ein gjekk rundt og hadde vondt i magen. Difor er eg veldig oppteken av dette.

- Annonse -
- Annonse -

Hammersland kjem frå Sotra, der han har budd fram til han flytta til Stord for 11 år sidan. Han vaks opp i ein strengt kristent miljø, noko som har sett djupe spor.

– Eg ser ikkje bort i frå at det religiøse skapar frykt for mykje anna. Eg opplevde til dømes eit sprøytestikk som eit slags overgrep, og at det gjerne hadde samanheng med annan form for fysisk avstraffing.

Dommedag og helvete

Det å vekse opp i ein streng religiøs heim var også tematikken i ein vaksenbok som Hammersland har gjeve ut tidlegare. Boka er i følgje forfattaren like alvorstung som tittelen tilseier: «I mørket er alle gudar grå».

– Ein del som har lese boka gir uttrykk for at det er ei ganske mørk bok. Boka handlar om å vekse opp i eit veldig strengt religiøst miljø, der alt var gale og synd. Eit gudsbilete som ein etter kvart innser at ikkje går an å leve med. Det var dommedag og helvete. Dette var min storfamilie på Sotra, frå Hauginaner-miljøet på farssida i slekta mi.

Det er difor ein tydeleg raud tråd i forfattarskapen til Hammersland, om han skriv for vaksne eller born.

– Det er blitt ein av mine kjepphestar det å prøve å finne ut korleis ungane har det, dei som sit rundt omkring og ikkje tør å seie at dei er redde. Barn frå familiar som har streng religiøs bakgrunn. Dei opplever ganske fort at dei er forskjellige.

- Annonse -

– Trur du det er like mange engstelege barn i dag i dag som då du sjølv vaks opp?

– Det er definitivt blitt betre, men litt av problemet er at dei ikkje er så mange. Det gjeld kanskje berre ein i klassen. Dei har ikkje noko nettverk, så me må bli flinkare til å finne dei.

Hammersland meiner skulen og lokalsamfunnet elles har eit ansvar for å kome desse ungane i møte.

– Me er ikkje flinke nok til å prøve å finne ut korleis dei har det, der dei sit aleine og teiknar. Det gjeld også andre med min bakgrunn, der dei må forstå at dei er annleis. Korleis møter skulen dei?

Møter lojalitetskonfliktar i skulen

Forfattaren peiker på at ungar har vanskeleg for å vere kritiske til det foreldra lærar dei.

– Då eg var liten trudde eg fullt og heilt på at mine foreldre satt med alle sanningar. Om det gjaldt utviklingslæra eller kva. Det gjer at mange ungar hamnar i lojalitetskonfliktar når dei begynner på skulen. Eg trur mange slit med det i dag.

For det er ikkje berre å bli ferdig med ein inneslutta barndom, sjølv om ein vert vaksen.

– Problemet er jo å brenne inne med ting som er vanskelige. Det kan gjelde langt oppi vaksenalderen, seier Hammersland.

Boka «Guten som var redd for å læra å lesa» er å finne i lokale bokhandlarar. Hammersland skal også selje boka på julemessa i Stord kulturhus i slutten av november.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -