Jonas Gahr Støre var saman med Magne Rommetveit på Kværner Stord under årets valkamp. Foto: Arbeidarpartiet

Trass i eit elendig stortingsval for Arbeiderpartiet i Hordaland avviser Magne Rommetveit at det skuldast at han har vore svært lite i media i valkampen

Med ei oppslutning på 27,4 prosent etter stortingsvalet i går er det klart at Arbeiderpartiet ikkje går inn i regjeringsskifte. Dette er ein nedgang på heile 3,4 prosent på landsbasis sidan førre val og er det dårlegaste resultatet Arbeiderpartiet har hatt sidan 2001.

I Hordaland var ikkje Arbeidarpartiet i nærleiken av å vere det største partiet.

– Eg tenker at dette er alt for dårleg. Etter fire år i opposisjonen burde me hatt mykje meir, seier listetopp for Hordaland Arbeidarparti, Magne Rommetveit.

Hordaland kom best ut

Trass i ein tilbakegong i alle fylker er det ingen tvil om at regionale forskjellar har spelt ei stor rolle under avstemminga. Medan Arbeiderpartiet gjekk ned med berre to prosent i Hordaland, kan TV2 melde om aukande prosentvis nedgang jo lenger nord ein kjem.

Dette betyr at Arbeidarpartiet i Hordaland framleis får halde på sine fire representantar på Stortinget.

– I Hordaland har me ikkje gjort det så dårleg som i landet elles. Dette tykkjer eg er bra, seier Magne Rommetveit.

– Trur du det er ein spesiell grunn til at Hordaland er meir på Arbeiderpartiet si side enn elles i landet?

– Eg veit i alle fall at me gjekk ned veldig mykje i Nordland, for der har det vore så mykje trøbbel rundt nedlegginga av flybasen på Andøya. Så det kan godt hende at slike regionale ting har slått ut nokon plassar i landet. Eg trur dessutan at fleire er berørte av oljekrisa og arbeidsløyse i Hordaland, seier han.

Har mista veljarar til andre parti

Rommetveit har likevel ingen forklaring på kva som kunne vore gjort annleis i valkampen.

– Det er vanskeleg å seie noko om no. Me skal ha slike grupper som skal sjå på dette og gå gjennom alt som har skjedd. Eg synes det er for tidleg å svare på det spørsmålet, påpeiker han.

– Stord24 snakka i går med ordførar Gaute Epland før dei første prognosane kom. Då sa han at Arbeiderpartiet på Stord var komen tidleg i gang med valkampen, men at det vart litt problem med mobiliseringa i starten på grunn av ferieavvikling. Tenker du at dette kan ha vore ein medverkande årsak til resultatet på Stord?

– Nei, eg trur nok ikkje det. Me har hatt nok valkamp, men det er nok andre ting som har skjedd før, seier han.

– Eg trur det er mange som har vore forarga over til dømes Frp og Listhaug. Og som ein reaksjon på det, går dei kanskje til andre parti som dei oppfattar som sterkare motpartar. Me har nok mista nokre veljarar til Sp og kanskje nokon til MDG.

Ikkje ein enkel kamp

Stord24 har tidlegare omtalt ei oversikt av NRK Hordaland som viser at Magne Rommetveit har fått mindre medieomtale enn dei andre listetoppane. I følge denne oversikta er det berre Raudt sin listetopp som har fått mindre medieomtale.

Rommetveit meiner dette blir eit feil bilete av situasjonen.

– Me i Arbeiderpartiet valte å ikkje framheve berre ein kandidat i media, men å gå fram i saman som eit lag. Me har vore sju stykk som har hatt forskjellige oppgåver. Eg har til dømes hatt mykje med samferdsel å gjere, kommenterer han.

– Å konkurrere med namn som Erna, Knut Arild, Audun og Sylvi Listhaug er ikkje ein enkel kamp, då dei gjerne blir nemnd i media i til dømes Stjørdal, Narvik, Tromsø og Lillehammer, ja strengt tatt over alt i nasjonale medium. Då får dei mykje meir «klikk» enn andre politikarar og det gir store utslag som kan virke negativt utad for andre.