- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein jamnaldrande gutt er politimeldt etter å ha slått ned ein 18-åring i Leirvik sentrum natt til søndag.

Det var i halv 2-tida laurdag at politiet fekk melding om valdsepisoden i Leirvik sentrum, som resulterte i at ein 18 år gammal gut fekk eit kutt i panna og blei sendt til legevakta.

– Ein patrulje kom over ein person som var utsett for vald. Han vart teken med til legevakta for sjekk, opplyser operasjonsleiar Thomas Nordvik i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet fekk raskt fatt i gjerningsmannen, som var ein jamnaldrande gutt.

– Politiet har avhøyrt han, og han erkjente forholdet. Han vil bli politimeldt. Me har også avhøyrt vitne i saka, seier Nordvik.

Valdepisoden skjedde i Hamnegata, like ved rundkøyringa ved Sjøhuset.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -