- Me er nøgd med at så mange firma har meldt si interesse seier Øyvind Kongsvik Nedrebø i Vegvesenet. Foto: Linda Grønstad, SVV
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

40 deltakarar frå 17 firma deltok på tilbodskonferansen for konseptutgreiing for kryssing av Bjørnafjorden for ny E39 mellom Os og Stord.

I slutten av juni inviterte Statens Vegvesen næringslivet til tilbodskonferanse for konseptutgreiing for kryssing av Bjørnafjorden.

Vegvesenet er nemleg veldig interessert i ekspertisen frå næringslivet når avgjerda om den beste bruløysinga skal takast.

– Dette er ein stor og spennande kontrakt, så det er naturleg at mange har meldt si interesse, seier Øyvind Konsvik Nedrebø, prosjekteringsleiar, flytebru i Statens Vegvesen.

Fire alternativ

Dei interesserte vil få tilbod om å greie ut fire alternativ, der to av alternative er ei buebru, og to er bjelkebru. Føremålet med tilbodskonferansen var å skapa ei felles forståing for oppdraget og avklare vegvesenet sine forventningar til dei som får oppdraget.

Av dei 17 interesserte er det to firma som vil bli valt ut til å utgreie konseptval for flytebru, og dokumentere fordelen med val av flytebruløysing.

- Annonse -

– Det er veldig hyggeleg å sjå at så mange er interesserte i å delta i konkurransen. Dei har eit stort ansvar. Me skal ta ei avgjerd om konsept basert på arbeidet dei skal gjere, og det skal ikkje vera grunnlag for tvil om kva konsept som er det beste valet, seier Håvard Belsvik, prosjektleiar for kryssing av Bjørnafjorden.

Frist i september

Fristen for å senda inn tilbod er 10. september. Vinnarane får deretter ti månader på seg til å kartlegga kva alternativ for flytebru som er det beste valet for kryssing av Bjørnafjorden.

– Prosjektet har eit stramt tidsskjema, og det er planlagt at ein kontrakt om bygging kan signerast i 2024, men før det må reguleringsplanen godkjennast og kvalitetssikring gjennomføring. Ein føresetnad er at Stortinget gir si tilslutning, seier Belsvik.

- Annonse -